Hestnes kvalfangststasjon på Hitra var i drift frå 1925 til 1960. Kvalfangststasjonen var ein viktig arbeidsplass med eit stort behov for sesongarbeidarar.
Hestnes kvalstasjon hadde tidlegare lege i Vingvågen i Agdenes, som ligg ved innløpet til Trondheimsfjorden. Ganske raskt vart han flytta til Hitra fordi det var nærare fangstfelta. Ei av årsakene til dette var at då slapp fangstmennene å slepe kvalen over lange distansar. Kvalkjøttet kunne tape seg av å bli frakta over lange avstandar.
Kilde: NDLA (Norsk Digital Læringsarena) v/Bente Merete Heggvik
Kilde: Heggvik, Bente Merete
Se artikkel: Hestnes Hvalstasjon
Kilde: lardex.net