Norsk kvalfangst har ei lang historie, med kjelder om harpunfangst tilbake til 1200-talet.
Den moderne og industrielle kvalfangsten vart utvikla på midten av 1800-talet av Svend Foyn frå Tønsberg som introduserte granatharpunen. 

Les mer

Sjøen som næringsgrunnlag

Noreg har den nest lengste kystlinja i verda, berre slått av Canada. Det vil seie at svært mange nordmenn til alle tider har hatt eit forhold til hav og sjø, både for transport og ikkje minst for matauke.
en rikelege tilgangen på fisk og sjødyr har vore ein del av næringsgrunnlaget for store delar av befolkninga.

Utnyttinga av dei marine ressursane har hatt ulike former etter tilgang, og noko av dette har vore knytt til årstider og dyra sine vandringsruter.
Vi har Lofotfisket etter gyteferdig skrei på etterjulsvinteren, og vi har hatt sildefiske som er meir uberekneleg og når han var der, vart opplevd som ein lottogevinst.
Som alle andre næringar har også fiske og fangst vorte effektivisert og delvis industrialisert. Dette kan ha sin pris, og utbyttinga/fangsten kan ha gått så langt at artar kan stå i fare for å bli utrydda.
Kvalfangsten vart storindustri, og med nye båtar og teknologi enda det opp heilt på grensa til rovfangst.

Kvalfangstens historie

Ein veit ikkje heilt når kvalfangsten tok til. Etter siste istid for rundt 10.000 år sidan flytta menneska gradvis nordover etter kvart som isbreen forsvann.
Desse pionerane hadde mindre fartøy, og i den grad dei dreiv fangst av kval, var det nok nært kysten og kanskje ikkje dei største kvalartane som niser.
På 800-talet finst det skriftlege kjelder som nemner vågekvalfangst, men meir effektiv harpunfangst tok truleg til rundt 1200.

Den som utvikla kvalfangsten til ei moderne og industriell verksemd, var Svend Foyn frå Tønsberg på 1860-talet.
Han introduserte granatharpunen som vart montert på dampdrivne fartøy. Dette var reiskap som gjorde det mogleg å jakte på dei raske blåkvalane og finnkvalane.
Foyn hadde monopol på oppfinninga og unngjekk dermed konkurranse. Fangsten konsentrerte seg i byrjinga om Finnmarkskysten.
Ganske raskt vart det ei overuthenting av blåkval og finnkval som gjorde det mindre lønnsamt for reiarar og fangstfolk. Derfor vart det eit behov for å utvide leiteområdet.

I 1904 vart kvalen freda i Noreg. Samtidig etablerte Argentina ein stasjon i Sørishavet som vart kalla Grytviken.
Stasjonen var hovudsakleg bemanna av nordmenn og hadde stordomstida si frå åra 1912–1927, men var i drift heilt til 1967.
Mange kjenner nokon som jobba med kvalfangst, enten dei var på båt eller på landanlegg.
Hovudproduktet var kvalolje som vart brukt blant anna i belysning og som bestanddel i margarin. Kvalkjøtt var også ein vanleg og rimeleg kvardagsmiddag den tida det var fangst.

Verdifulle produkt

Det er ikkje så mange år sidan kvalfangst var ei stor næring for mange land, inkludert Noreg.
Feittet ein kokte frå spekket, vart brukt til ei rekkje produkt, som margarin, såpe, lampeolje og leppestift. Kjøttet vart brukt til menneske- og dyrefor, mens tarmane vart til tennisracketstrengar.
Spilene vart brukte til å lage korsett. Spesielt verdifull var ambraen, ein voksaktig og stinkande klump frå fordøyingssystemet til spermasettkvalen, den vart til den finaste parfyme!

Kilde: NDLA (Norsk Digital Læringsarena) v/Bente Merete Heggvik

  • Totalt bilder i artikkelen: 16

    Hestnes Hvalstasjon